<img height="1" width="1" src="" data consent-src="https://www.facebook.com/tr?id=316501478786790&amp;ev=PageView &amp;noscript=1" data-category-consent="cookie_cat_marketing">

Søk på dette nettstedet:

7. jun

Sjømatnæringa i god flyt med Amesto

Fagorientert kompetanse vert stadig viktigare i rekneskapsbransjen. Dette tek me i Amesto Seafood på alvor, og bygger difor eit miljø med spesialkompetanse for sjømat-næringa på våre kontor i Bergen og Austevoll, nettopp for å sikra og rettleia kundane med den rekneskapsmessige forståinga dei treng.


Amesto bør i større grad sikra spesial kompetanse som ikkje berre forstår rekneskap frå eit reint rekneskaps -messig perspektiv, men og frå eit bransjeperspektiv. Å forstå fundamentet i businessen er avgjerande for å kunna bygga gode rutinar for rekneskapen.


Eg er overbevist om at ei brennande interesse for fag og bransje utgjer ein forskjell. Etter å ha jobba med rekneskap for sjømat næringa over tid, ser eg ofte at selskap i bransjen har liten tid til å behandle sjølve data då mykje av tida går til kjernedrifta. Dette bør me svare ut, på eit språk selskapa sjølv forstår.


For å kunne levera fullverdige tenester, er det fundamentalt å forstå dei unike utfordringane selskapa står ovanfor. Gjennom dagens kundeportefølje, særskild innan havbruk, er me involvert i driftsforma samdrift og struktur i form av indre selskap. Årsaka til at eg nemner eigarforhold og samdrift er at det differensierer seg frå standard rekneskapsføring, og det krevjar ein anna form for kompetanse, enn i dei bransjane som gjerne følgjer eit litt meir tradisjonelt løp.


Me har eit mål om å utstyra kunden med verktøy som skapar verdi og som gjer tilgang til viktige nøkkeltal, utan at talla forsvinn i bransjetolkingar som ikkje stemmer overeins med deira verkelegheit.
Sjølv er eg frå fiskeri – og havbrukskommunen Austevoll, der eg gjennom barne- og ungdomsåra har jobba på lakseoppdrett – og fått prøva meg litt på «sjarka-fiske» om sommaren. Min far er kaptein, og min mann er styrmann på ringnotsnurparar. Kulturen og interessa for sjømat næringa har eg med andre ord «fått inn med morsmjølka», og det er stadig det naturlege samtaleemnet hos oss. Eg har tatt økonomiutdanning på BI, og sjølv om fiskeri og havbruk alltid har stått meg nært, falt eg og for rekneskapsfaget. Så kva er då betre enn å kombinera begge interesser? Kombinert kunnskap kan gje kundane våre god nytte i travle dagar og vanskelege val.
Årsaka til at eg nemner min oppvekst, er trua på at det ligger mykje gull i interessa for eit fag. Synergieffekten er potensielt stor, og eg har sjølv stor tru på at nettopp slike bransjespesifikke synergiar vil verta stadig viktigare i framtida.


I Amesto Seafood følgjer me utviklinga i sjømatnæringa, får kjennskap til utfordringar, og har det nødvendige perspektivet for å handtera aktuelle problemstillingar. Med overblikk på verdikjeda skal me legga til rette for gode effektar av å outsourca rekneskapen. I tillegg til å fungera som rekneskapsfører og handtera det løpande, skal me vera ein profesjonell tredjepart med god bransjeerfaring, som fasiliterer, bidrar med analyse, og skal sørga for profesjonelle vurderingar. Målet er å sikra kontinuitet med utgangspunkt i bransjens rammevilkår.
Reint konkret jobbar me for å sikra næringa ein betre oversikt over produksjonskostnader på objekt nivå, effektivisera drift, og auka gevinst på botnlinja. Me jobbar og sjølvsagt for det dei aller fleste kanskje setter mest pris på; nemleg å frigjera meir tid til kjerneverksemda.


Samtidig er det interessant å knytte effektiviseringsgevinstar opp mot andre type gevinstar, som miljø og klima-effektar. I Amesto måler me ikkje berre resultat i rein profitt, men i korleis me påverkar både menneskjer og planet. Alle konsernets leiarar vert målt på alle tre parametrar, og alle får dermed eit naturlig forhold til det å skulle gjera noko godt for planeten og dei rundt oss.


Me har på få år sett at verksemders evne til å redusera sin negative påverknad på samfunnet har endra seg frå berre å vera eit krav, til å vera føresetnaden i framtidas forretningsmodell. I ein økonomi som i større grad må bli sirkulær, er det me kallar klimarekneskap ein kjelde til unik innsikt om korleis ressursar kan nyttast smartare og betre.

I Amesto AccountHouse har me lenge jobba med å få på plass eit system for klimarekneskap, og det vil i stor grad kunne vera nyttig for sjømat næringa. Korleis sikrar me mindre CO2 utslepp og ein meir berekraftig utvikling i bransjen? Som verdas nest største eksportør av sjømat ligg det argumenterbart eit stort ansvar på den norske sjømat næringa. 

Vil du vita meir om klimarapportering - Amesto Footprint


Per i dag har me god kompetanse innan oppdrettsnæringa, servicenæringa innan oppdrett, og innan kystfiskebåtar. Over ein periode har me difor utarbeida oss ei solid portefølje og ein kunnskapsbank knytt mot sjømat næringa. No satsar me vidare, både på økonomiske gevinstar og på berekraftige løysningar.
Sjømat næringa er eit tydeleg satsingsområde for oss i Amesto, og ambisjonen er no å bygga fleire team og vidareutvikla kunnskapsbanken. Ikkje berre med omsyn til rekneskapstenester, men og HR-tenester, marknadstenester og fleire gode systemløysingar. Eg er sikker på at bransjespesifikke team; innan havbruk, fiskeri og servicenæringa, kan bidra til å skapa ein ny rekneskapsfagleg standard når det kjem til å outsourca rekneskapstenester.


Men fyrst, må me ut å fiska fleire kundar. So vil jo tida visa om me ender opp med meir fisk eller fleire kundar på kroken!

Vil du lese mer om hva vi kan kan tilby bransjen - les her.

Anna Troland Manager, Amesto Seafood